Partiprogram 2023
Sykkylven Arbeidarparti sin politikk for dei komande fire åra
Programmet for 2023-27
Programmet er vedteke av Sykkylven Arbeidarparti sitt Program- og nominasjonsmøte April -23
Partiprogram for 2023-27
”Menneska skaper det gode liv i fellesskap, ikkje kvar for seg”
Sykkylven: ei bygd for alle
Alle som bur i Sykkylven skal ha like høve til å leve gode liv, enten du har vakse opp her, er tilflyttar frå ein annan kant av Noreg, eller kjem hit frå eit anna land. Det er høve og mangfald som gjer Sykkylven til ei god bygd å leve og bu i. Like høve for alle kjem ikkje av seg sjølv. Vi må forsvare det inkluderande fellesskapet og openheita bygda står for. Vi vil investere i fellesskapsløysingane og styre bygdeutviklinga slik at Sykkylven er for alle.
Sykkylven er ei eineståande bygd mellom fjell og fjord. Vi har ein attraktiv arbeidsmarknad og eit omstillingsviljug og nyskapande næringsliv. Sykkylven må vere ei open og inkluderande bygd der alle kan være seg sjølve og realisere sine draumar. Fellesskapet vi har i Sykkylven gir meir tryggleik og fridom for den enkelte enn det vi oppnår åleine.
Alle Sykkylvingar skal være trygge på at nokon stiller opp når dei treng hjelp. Gode velferdsordningar set folk i stand til å klare seg sjølve, og gir dei som treng hjelp naudsynt omsorg. Fellesskapsløysingar skaper tillit og openheit, som er avgjerande i ei tid med store endringar. Sykkylven Arbeidarparti meiner det er naudsynt med aktiv politisk styring av bygda for at alle skal kunne leve gode liv.
Målet vårt er å sikre best mogelege tenester til innbyggjarane, uavhengig av kven du er, bakgrunnen din, kor du bur eller størrelsen på lommeboka. Ein sterk og moderne offentleg sektor som tilbyr gode, effektive tenester, er det viktigaste verkemiddelet for å nå dette målet. Ressursane fellesskapet nyttar på velferd bør gå til best mogleg kvalitet på tenestene. Kvaliteten vert mellom anna påverka av arbeidsvilkåra til dei tilsette. Arbeidarpartiet ønsker ikkje anbodsprosessar der det konkurrerast på dei tilsette sine løns- og arbeidsvilkår. På kjerneområde som helse, skule og eldreomsorg skal det vere gode offentlege tilbod som famnar om alle. Grunnleggande velferdstenester skal ikkje privatiserast eller kommersialiserast.
Arbeidarpartiet ser ideelle organisasjonar som gode samarbeidspartnarar, og vil vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og ideell sektor. Alle born i Sykkylven skal ha ein god og trygg oppvekst. Vår politikk vil gi auka bemanning og betre kvalitet i barnehagen. Vi vil ha en kunnskapsskule der vi satsar på læraren og frigjer tid til undervisning og oppfølging av den enkelte elev. Vi vil sette inn større innsats mot barnefattigdom, og styrke tilbodet for ungdom i hele bygda.
Arbeidarpartiet vil at Sykkylven skal satse på nye idéar, bygge framtidsretta kunnskapsmiljø, sikre gode rammevilkår for næringslivet og legge til rette for innovasjon og digitalisering i kommunen.
Dei tilsette i kommunen skal ha ein trygg og føreseieleg jobb å gå til. Arbeid mot sosial dumping for eit trygt og anstendig arbeidsliv er ei viktig kommunal oppgåve. Vi vil innføre nye tiltak for å hjelpe fleire som står utanfor arbeidslivet inn i trygge jobbar.
Sykkylven endrar seg, og for at bygda skal bli ein enno betre stad å bu, jobbe og vitje vil vi at bygda har trygge og trivelege grøntområde og nærmiljø, med god plass til leik og aktivitet.
Vi vil føre ein aktiv bustadpolitikk som tek hand om mangfaldet av menneske over heile bygda. Vi vil bidra til at det byggjast fleire og meir varierte bustader gjennom sterkare offentleg planlegging. Vårt mål er at det skal bli enklare å kome seg inn på bustadmarknaden. Sykkylven er avhengig av at også tilflyttarar har tilgang på gode og sentrumsnære kommunale tomter, og vi må skaffe tomter der folk vil bu.
Arbeidarpartiet vil at kommunen skal fortsette å prioritere fotgjengarar og syklistar. Fjord/kyststien er eit trivselstiltak som må setjast høgt.
Arbeidarpartiet vil at Sykkylven skal være ein aldersvenleg bygd. Tryggleik i kvardagen og høve til å delta i aktivitetar for å halde seg sosial er avgjerande for god livskvalitet. Eldre er ein stor ressurs, og vi vil legge til rette for at fleire deltek i frivilligheit. Vi vil legge vekt på gode tenester som gir trykkleik for dei som mottek helsetenester i heimen og institusjonsbasert omsorg for dei som treng det.
Sykkylven skal være ei inkluderande og trygg bygd, fri for diskriminering. Vi vil forsvare mangfaldet og verdiane som gjer Sykkylven til ei god bygd. Vi skal satse på fellesskapet, på menneska som bur her og løfte opp dei som fell utanfor. Sykkylven skal ha plass til alle; Det er vår styrke!
Sykkylven er tryggleik i felleskap. For Arbeidarpartiet er det viktig å; vere ein næringsvennleg kommune, satse på lærlingar, ha nok tilpassa bustader for unge og eldre, nytt og framtidsretta lege- og helsesenter, styrke bemanninga i helse og oppvekst, utvikle fleire alternative opplæringsarenaer i grunnskulen.
Oppvekst og opplæring
Arbeidarpartiet vil arbeide for at grunnskulen i Sykkylven skal vere kjennemerka av høg kvalitet og god ressursutnytting. Vi vil arbeide for auka ressursar og offensiv satsing på kompetanseoppbygging for alle. Arbeidarpartiet vil alltid vere for å auke og styrke grunnbemanninga i dei kommunale tenestene også i oppvekst og opplæring. Dette vil vi gjennomføre for å sikre at alle barn og ungdom inkludert dei med spesielle behov, får både det dei har krav og behov for. I dette arbeidet er kommunen si satsing på BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) noko vi støtta opp om ved å sikre midlar og ressursar å dekke behova. Vi vil stimulere til fleksible og alternative metodar for å møte alle born og unge i grunnskulen på deira premissar gjennom å auke innsatsen til alternative opplæringsarenaer.Sykkylven kommune skal vere attraktiv for småbarnsfamiliar. Vi vil opprette ein ny kommunal barnehage i sentrum. Sykkylven Arbeidarparti meiner at vi skal ha høge ambisjonar for alle born, gjennom «tidleg innsats» for barnehage og grunnskule born.Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Styrke alternative opplæringsarenaer for grunnskuleelevar på alle trinn.
- At samarbeid mellom grunnskulen og den vidaregåande skulen skal aukast, for å hindre fråfall i den vidaregåande skulen, og for å styrke grunnopplæringa.
- Styrke rådgjevings- og sosiallærartenestene på ungdomsskulen med også fleire miljøterapeutar/barne- og ungdomsarbeidarar.
- Styrke førebyggande helsearbeid i skulane, slik at dei som slit med psykososiale problem kan få hjelp. Vi ønskjer å halde fokus på tidleg innsats allereie frå barnehagealder.
- Tilby YAM (Youth Aware of Mental health), som er eit førebyggjande og helsefremjande skuleprogram rundt psykisk helse for ungdom i alderen 13-17.
- Auke vaksentettleiken i grunnskulen.
- Gje elevane gode digitale løysningar, samstundes som ein gir lærarane kompetansen til å handsame dei.
- Arbeidarpartiet vil sikre alle elevar tilgang på gode trykte læremiddel og dei digitale ressursane som høyrer til dei.
- Vere med å sikre god kvalitet og forsvarleg drift av kommunen sine skulefritidsordningar (SFO).
- Vidareføre gratis SFO til og med 2.klasse.
- Støtte det uavhengige fritidstilbodet til born og unge, for å skape trygge og rusfrie møteplassar i aldersgruppa 12-18 år.
- At Sykkylven kulturhus vert ein stad der ungdom er velkomne og har råd til å vere.
- Støtte opp om det frivillige lagsarbeidet i kommunen.
Arbeide for å innføre gratis skulefrukost.Gode barnehagar til alle:Ein god start er nøkkelen til det meste i livet. Alle born i Sykkylven skal ha dei same høva til å tileigne seg kunnskap. Grunnlaget for språkutvikling, læring og meistring vert lagt allereie i barnehagen.
Barnehagen skal være ein stad alle foreldre ynskjer å ha borna sine. Småbarnsforeldre skal være trygge på at borna deira får plass i ein god barnehage med høg kvalitet og pedagogisk kompetanse, der leik og læring står i fokus.Vi vil tilsette fleire pedagogar og personar med fagleg kompetanse i barnehagane for å styrke bemanningsnormen. Trygge og kompetente barnehagetilsette er svært viktig for alle born.Arbeidarpartiet meiner at kommunen må auke sin del av barnehagetilbodet i Sykkylven. Samstundes er det viktig for oss at det vert stilt krav til private aktørar om likeverdige løns- og arbeidsvilkår, voksentettleik, bruk av kvalitetsstandardar og deltaking i foreldreundersøkelsar.Vi veit at barnehage er vårt viktigaste verkemiddel for å hindre fråfall, sosial utanforskap og arbeidsløyse seinare i livet.Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Innføre gratis universell kjernetid i barnehagen for alle eittåringar, og på sikt òg innføre gratis kjernetid for alle toåringar.
- Styrke kompetansen i barnehagane ved å auke pedagogtettleiken og tilsetje fleire med barnefagleg kompetanse.
- Styrke høva for utdanning til fagbrev.
- Gjere overgangen til skule best mogeleg for borna gjennom god kontakt, god informasjonsutveksling og tverrfagleg samarbeid mellom skule og barnehage.
Arbeid til alle
Arbeid er nøkkelen til fridom og sjølvstende for den enkelte. Arbeid er også den viktigaste kjelda til verdiskaping i Sykkylven. Alle har noko verdifullt og nyttig å bidra med. Vi vil skape ei bygd der alle kan delta i fellesskapet og oppleve meistring. Sykkylven skal ha lav arbeidsløyse, høg deltaking og eit godt arbeidsliv kjenneteikna av faste tilsetjingar, tariffløn, relativt små lønnsforskjeller og reell innflytelse på arbeidsplassen. Ufrivillig deltid er skjult arbeidsløyse.
Den nyskapande bygdaSykkylven Arbeidarparti vil føre ein aktiv næringspolitikk for å sikre at vi har tilstrekkeleg med lønsame, trygge og framtidsretta arbeidsplassar. Næringspolitikken vår vil legge til rette for at det skapast nye bedrifter, og forbetre kommunens eigne tenester.
Sykkylven skal vere ein attraktiv kommune for gründerar.
Vi vil arbeide for gode rammevilkår for næringslivet. Kommunen skal vere ein aktiv partnar og ha god dialog med næringslivet, slik at ein heile tida har god kunnskap om deira behov.
For Arbeidarpartiet har arbeid til alle alltid vore mål nummer éin. Å sikre arbeidsmarknaden slik at det vert plass til alle er ei stor oppgåve som òg kommunen må ta aktivt del i.
Arbeidarpartiet vil at kommunen ser mogelegheitene som nye digitale tenester kan gi, samstundes som ein òg tek vare på dei som ikkje har blitt med på den digitale reisa. Framtidsretta digitale tenester kan gjere det enklare og meir saumlaust for innbyggjarane i kontakt med kommunen.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Sørge for best mogleg rammeføresetnader for næringslivet gjennom en aktiv næringspolitikk på område der Sykkylven har fortrinn, enten gjennom klynger, industri eller kunnskapsmiljø.
- Utvikle fleire tiltak som trekk investorar som kan bidra til ny verksemd og arbeidsplassar i bygda vår.
- Sørge for at SNU som verkemiddelapparat er lett tilgjengeleg, enkelt og fleksibelt.
- Støtte vidare arbeid med omstillingsprogrammet i Sykkylven.
- Styrke satsinga på vekstbedrifter og tiltak som fremjar oppstartsverksemder.
- At kommunen legg til rette for turisme. Vi vil satse vidare på Sykkylven sitt fortrinn med fjell og fjord. Innan vinterturisme har Fjellsetra store moglegheiter, som vi aktivt vil vidareutvikle og støtte opp om.
- At bygda sitt næringsliv skal ha gode rammeføresetnader.
- Sikre næringslivet tilgang på nødvendig areal for å utvikle seg der dei er.
- Skape aktive og levande grender i heile kommunen.
- Stimulere til ein auke i den kommunale aktiviteten. Skape nye arbeidsplassar og ha som mål å auke næringsmangfaldet i kommunen.
- At dei som driv med jord- og skogbruk har berekraftige vilkår, mellom anna gjennom aktivt jordvern der bønder driv gardsbruka sjølve.
- Arbeide for oppretting av teknologisk kompetansesenter for å styrke dei nye og gamle næringane.
- Arbeide for å hindre utstøyting og fråfall i arbeidslivet.
- Legge til rette for dei som fell utanfor arbeidslivet. Vi vil gi alle høve til å bidra. Dette kan skje gjennom oppretting av praksisplassar i samarbeid med NAV og næringslivet.
- At innvandrarar og flyktningar skal få integreringstiltak gjennom arbeidspraksis i kommunen.
- For å betre villkåra til eksportbedriftene i bygda ønsker vi å melde kommunen inn i Vestnorges Brüsselkontor.
- Auka tilgang på Veterinærtenester og betre forholda for smådyrsklinkk i Sykkylven.
Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidarpartiet vil føre ein offensiv og framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk.
Sykkylven kommune skal vere ein ansvarleg og ryddig arbeidsgjevar, gjennom eit godt samarbeid med dei tilsette og deira tillitsvalde.
Sykkylven Arbeidarparti er mot privatisering av dei kommunale velferdstenestene.
Omsyn for dei som treng ekstra tilrettelegging i arbeidslivet og elles i samfunnet er viktig. Kommunen skal ta ansvar for at ein følgjer gjeldande HMS-reglar og krav om universell utforming.Sykkylven Arbeidarparti vil:
- At tilsette som ynskjer det skal få arbeide heiltid.
- At dei tilsette i kommunen skal få auka kompetanse og få tilbod om etter- og vidareutdanning. Kompetanseplan for den einskilde tilsette skal utarbeidast.
- At det vert oppretta fleire kommunale lærlingplassar i alle sektorar. Det kan lette rekruttering til kommunen, og vise ungdom at bygda òg har attraktive arbeidsplassar.
- At kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar.
- Ta vare på og styrke den kompetansen ein allereie har, med å få til ein god kombinasjon mellom fagarbeidarar og høgskuleutdanna.
- Gi fleire høve til varig tilrettelagt arbeid.
- For å få fleire arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid vil vi foreslå at det blir avsett midlar på budsjettet til seniortiltak. Dette kan være tilbod om å behalde full løn, men redusert arbeidstid.
Bygda med plass til alle
Bygda vår
Kommunen har hovudansvar for planlegging av bygda. Målet med utviklinga er at bygda skal være ein god stad å bu og leve i, no og i framtida.
Heilheitleg planlegging i kommunal regi skal være hovudregelen for utvikling. Vi vil at kommunen skal ta eit større ansvar for å drive fram utviklinga av enkelte område, og vil aktivt ta i bruk eigne tomter og bygg i dette arbeidet. Det betyr at kommunen skal være ein pådrivar og partner for utbyggjarane, noko som gir større tryggleik og raskare framdrift. Sykkylven Arbeidarparti meiner at kommunen må bruke strategiske tomtekjøp og andre verkemiddel for å auke attraktiviteten og investeringsviljen. Vi vil arbeide for at det skal vere attraktive byggjeklare tomter i alle deler av bygda.
Sykkylven treng fleire bein å stå på. Vi vil difor arbeide aktivt for å støtte utbygging som fremjar bu-lyst og skaparglede.
Arbeidarpartiet vil at Sykkylven skal vere føregangskommune på trygg skuleveg. Vi vil prioritere trafikktryggingstiltak høgt, spesielt der det ferdast skuleborn. Dette omfattar mellom anna å arbeide for lågare fartsgrense ved utsette kryssingspunkt.
Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for:
- Godt vedlikehald, asfaltering og brøyting av kommunevegane.
- Vinteropen veg gjennom Fasteindalen.
- At skitrekket på Fjellsetra får høve til vidare utvikling i tråd med eigne planar.
- Godt vedlikehald av kommunale bygningar.
- Fleire bustadar i sentrumsnære område. Både kommunale og private byggefelt.
- At det vert bygd utleigebustader for ungdommar.
- Arbeide for betre rutetilbod med buss og ferje, slik at det vert meir attraktivt for pendlarar å busetje seg i Sykkylven.
- Støtte utvikling av Fjordstien frå Ørsneset og innover fjorden.
- Gang- og sykkelveg frå Ørsneset til Fet.
- Fleire offentlege søppelkasser der mykje folk ferdast.
Ungdomsbygda
Sykkylven skal være ei god bygd for dei unge, der alle har høve til å ha en meiningsfull fritid.
Mange unge driver med organiserte fritidsaktivitetar, som idrett og ulike former for kulturuttrykk. Sykkylven Arbeidarparti vil styrke dette tilbodet. Idrettstilbodet må være tilgjengeleg for alle, òg for dei med dårleg råd.
Ungdomstida er identitetsskapande. Da er det særskild viktig å bli sett og inkludert. Rus og psykiske problem, utanforskap og frustrasjon må handsamast på eit tidleg tidspunkt.
Det er eit stort behov for møteplassar og aktivitetstilbod for ungdom som ikkje driv med organiserte aktivitetar. Sykkylven Arbeidarparti vil støtte oppretting av gode møteplassar for meiningsfylt aktivitet, som fritidsklubb med trygge vaksne og attraktive aktivitetar, kveldsopne skuler eller kaféar.
Høve til å få prøve seg i arbeidslivet og vise at ein er til nytte er ein sterk motivasjon for ungdom, som for alle andre. For mange kan det å få ein sommarjobb eller ein praksisplass å setje på CV-en, og oppleve meistringsfølelse i jobben, vise at det finnes mogelegheiter og en veg vidare. Difor vil Sykkylven Arbeidarparti utvide jobbtilbodet for bygdas ungdom.
Møteplassar, aktivitetar og tenester for ungdom må vere føreseielege. Det krev langsiktige finansieringsordningar.
Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for å:
- Legge til rette for aktivitet og leik på uteområde og i parkar i nærmiljøet med leike- og treningsapparat, fotballmål, basketkorger, badeplassar, benker og meir.
- At ungdommen får ein stad å "henge" og vere sosiale med andre innanfor trygge rammer.
- Utvikle kaiområdet for rekreasjon og aktivitetar for alle aldersgrupper.
- Opprette kveldsopen helsestasjon for ungdom som også har eit psykisk helsetilbud på kveldstid som tilbyr dialog om enkle eller vanskelige tema.
- Arbeide for å få Sykkylven kino inn under den fylkeskommunale ordninga “Kulturrabatt for ungdom”.
- Legge til rette for en portal med oversikt over tilbodet til ungdom i Sykkylven.
- Tilby arbeidstiltak for ungdom i samarbeid med næringslivet. Kommunen må gå føre og opprette praksisplassar.
- Utvide deltids- og sommarjobb-tilbodet til ungdom.
- Vi vil støtte opp om gode tilbod for born og unge som til dømes; Høbben, Open Storhall og Fredagsklubben i kyrkja med fleire.
- Legge til rette for at motorinteresserte ungdommar får ein stad å mekke.
Den mangfaldige bygda
Sykkylven Arbeidarparti vil motarbeide framandfrykt og rasisme. Vi vil ha ein bygd kjennemerka av tillit og openheit, der det er plass til alle.
Alle skal ha like høve, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne, religion eller seksuell orientering. Verdiar som likestilling og likeverd skal stå sterkt i bygda, og vi vil motarbeide alle former for diskriminering og trakassering.
Kvart år tek kommunen mot nykomne elevar frå andre land. Det er viktig at dei vert integrert med resten av skulefellesskapet.
Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for å:
- Styrke opplæringa av tilsette i Sykkylven kommune med et opplæringstilbod som femner om LHBT+ og andre minoritetsgrupper.
- Styrke samarbeidet med frivillige organisasjonar og trussamfunn i arbeidet for å utvikle respekt for bygdas mangfald.
Ei tilgjengeleg bygdPersonar med funksjonsnedsetjing skal ha dei same høva til å leve frie og sjølvstendige liv som alle andre. I dag opplev personar med funksjonsnedsetjing hindringar som fører til utanforskap fordi samfunnet ikkje er tilrettelagt for dei.
Universell utforming av det offentlege rom bidreg til at fleire får nytta potensialet sitt, samstundes som det gjer det enklare for alle. Det skal være lett å bevege seg rundt i bygda. Vi vil at alle nyoppstarta butikkar og skal handheve reglar for universell utforming.
Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for å:
- Fortsette arbeidet med å gjere bygga våre universelt utforma.
- At alle som har rett til Brukarstyrt Personleg Assistanse skal kunne leve et sjølvstendig liv og delta i samfunnet.
- Sikre god dekning av HC-parkeringsplassar i bygda.
- Sikre at kommunens informasjon er tilrettelagt for personar med funksjonsnedsetjingar.
- Sikre universell utforming av eksisterande sentrumsgater ved endringar.
- Utvikle sentrum og kaiområdet for å gjere dette meir attraktiv.
Bustad til alleAlle skal ha råd til å bu i Sykkylven, i ein god bustad og i eit godt bumiljø. Vi vil skape bumiljø kor det er plass til menneske med ulik livssituasjon og økonomi, med varierte bustadtypar. Vår løysing er å bygge meir gjennom sterkare offentleg planlegging og sterkare kommunal involvering i bustadbygging.
Sykkylven Arbeidarparti meiner vi no står i ein situasjon som krev en ny kommunal bustadspolitikk for å hjelpe førstegongskjøparar inn på bustadmarknaden. Vi ønsker å gjere det enklare for de som i dag leiger bustad, men ikkje får lån til å kjøpe. Sykkylven Arbeidarparti vil utvide handlingsrommet til Bustadsselskapet, slik at dei aleine eller i samarbeid med andre aktørar kan bygge bustader som kan seljast til førehandssett pris. Boligene som legges ut for salg skal hovedsakelig forbeholdes førstegangskjøpere. Som f.eks. "Leige til eige". I tilfelle der kommunen ønsker å selje kommunale bustader, vil vi legge til rette for leige-til-eige for at fleire skal komme inn på bustadmarknaden.
Sykkylven kommune må til kvar tid nytte høva Husbanken gir til å hjelpe yngre menneske med låg inntekt til å kunne få lån og skaffe seg eigen bustad.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Undersøke høva for å opne opp for at rekkefølgjekrav og erstatningsareal kan realiserast innanfor heile kommunen, og ikkje berre i direkte høve til planområdet.
- Ta initiativ til at planarbeid organiserast på ein måte der man tidleg tar fleire inn i prosessen.
- Etablere fleire leige-til-eige-prosjekt og bustart-prosjekt.Fleire bustadar i sentrumsnære område. Både kommunale og private byggefelt.
- At det vert bygd utleigebustader for ungdommar.At uføre og minstepensjonistar også kan få moglegheita til å komme seg inn på bustadmarknaden.
Bygda mellom fjell og fjord
Sykkylven skal være ein attraktiv bygd. Nærleiken til fjella og fjorden er eit av Sykkylvens aller fremste fortrinn. Sykkylven Arbeidarparti vil at sjøen og fjella skal være open og tilgjengeleg for bygdefolket. Dei neste åra vil Sykkylven Arbeidarparti jobbe for at friluftslivet skal verte meir tilgjengeleg for innbyggjarane. Det skal være lett for alle å kome seg ut og ha rask tilgang til ein turveg. Vi vil ta vare på naturen og ha eit mangfaldig plante- og dyreliv basert på dei artene som naturleg høyrer heime i området. Sykkylven kommunes fjellområde er innbyggjarane sitt felleseige. Kommunen skal ha frilufts- og verneinteressene som det berande grunnlag og økonomiske omsyn skal underordnast desse. Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for å:- Merke og setje på kartet turvegnettet i Sykkylven og skilte betre. Samarbeid med friluftsråd og idrettslag og grunneigarar .
- Bygge ut "Fjordstien" for å fremje trivnad og folkehelse.
- Samarbeide med skitrekket rundt vidareutvikling og vedlikehald av skiløyper, turstiar, og anne tilrettelegging på fjellet.
- Betre parkeringstilhøva ved populære utfartsstader.
- Auke tilgjengelegheita til friluftslivet, med meir universell utforming.
- Lage kultur- og historieløyper i bygda, som folk kan følge for å oppdage og lære om Sykkylven knytt til forminne.
- Vere medspelar for å vidareutvikle Auremarka.
- For å fremje allemannsretten slik at områder ikkje blir stengt av med bommar som ikkje kan sleppe igjennom syklistar, viktig med godt samarbeid med grunneigarar.
- At kommunen skal vere pådrivar for å få på plass ei Sherpa-trapp på Aurenakken.
Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for:
- At Sykkylven kommune skal legge berekraftige og langsiktige omsyn til grunn for kommunens investeringar, og utvikle ein strategi for grøne investeringar som heng tett saman med det grøne skiftet.
- Å ha fleire søppelbøtter i offentleg rom.
- Å vurdere forenkle innlevering på gjenbruksstasjonen for lag og organisasjonar.
- Å ha som mål å fase ut bruken av eingongsplast i kommunens verksemder.
- At natur- og miljøvern framleis skal vere ein viktig del av den kommunale planlegginga.
- Å sikre ein god samfunnsplan for heile kommunen.
- Å prioritere ENØK-tiltak i alle kommunale bygg og installasjonar, som til dømes gatelys.
- Å verne om allemannsretten i fjell og fjøre, spesielt langs strandlinja og rundt Fjellsætra og Nysæterområdet.
- Å regulere inn eit inngjerda heilårs friområde for hund.
- Å bevare naturen i Sykkylven, og verne unike områder.
- Bygge ut sykkelvegnettet frå Aursneset til Myrdalssætra.
- I størst mogleg grad skilje syklistar og gåande frå andre trafikantgrupper.
- Utvide tilbodet på utstyrssentralen med fleire el-syklar
- Bygge ut ladestasjonar til elbilar i samarbeid med private aktørar.
- Arbeide for at straumnettet stadig vert utvikla for å møte nye behov som for eksempel frå elbilar.
Sykkylven Arbeidarparti vil arbeide for:
- Framdrift i Storfjordsambandet.
- Eksportvegen E-136Trafikale løysningar rundt sentrumsskulen.
- Asfaltering av kommunale vegar.
Kultur og idrett for alle
Engasjement og deltakingFriviligheit er ein grunnpilar i demokratiet. Friviljug arbeid gir mening til den enkelte som er friviljug og meirverdiar til samfunnet. I Sykkylven har vi eit mangfald av friviljuge organisasjonar, aktivitetar og spontane initiativ for deltaking og engasjement. Sykkylven Arbeidarparti vil gjere det enklare å være friviljug i Sykkylven. Sykkylven kommune si oppgåve overfor friviljugheita er å vere tilretteleggjar og initiativtakar, medan organisasjonar og enkeltpersonar sjølve skapar aktiviteten.Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Innføre digital booking på kommunens lokale for utlån og utleige til friviljugheita.
- At det er gratis for barne- og ungdomsorganisasjonar å låne kommunens lokale.
- At fleire av kommunens lokale, uterom og anlegg skal gjerast tilgjengelege for friviljuge.
- Sikre friviljugskapskoordinator sentralt i kommunen.
- Gjere søknadsordningar enklare og redusere krav til rapportering.
- Ha forsøk med Sykkylven-nøkkelen, ein digital nøkkel til kommunens lokale.
- Sørge for at utlånssentralar for utstyr har midlar til langsiktig drift.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Arbeide for å få Sykkylven kino inn under den gratis fylkeskommunale ordninga “Kulturrabatt for ungdom”.
- Støtte opp under kulturrangørar og festivalar.Utvikle og fremje Auremarka som historieformidling for turisme og bygda sine innbyggarar.
- Jobbe for å gjere om delar av Sykkylven kulturhus til faste lokale for kultur og utøvande kunstnarar.Innføre gratis inngang for born under 18 år på muséa i skuleferiane.
- Legge til rette for at tomme kommunale bygg kan nyttast til midlertidige kulturaktivitetar.
- Støtte opp under idrettskule for born og ungdom.
- Vedlikehalde idrettsanlegga.
- Prioritere god dekning i heile bygda av anlegg som rommar store breiddeidrettar og anlegg som huser mange idrettar, for til døme kunstgrasbaner og fleirbrukshallar.
- Samarbeide med idretten i Sykkylven om å senke terskelen for deltaking, både økonomisk og sosialt.
- Halde fram med å støtte opp om Stikk Ut.
- Støtte opp om «Høbben» slik at dei kan oppretthalde tilbodet.
- Støtte opp om bygging av ny symjehall i nærleiken av skulane.
Bygda som tek vare på deg
Gode tenester for alle
Alle Sykkylven sine innbyggarar treng tenester levert av kommunen. Målet vårt er å sikre best moglege tenester til alle bygdas innbyggarar. Fellesskapets ressursar skal gi best mogleg kvalitet i velferdstenestene våre.
Den moderate eigedomsskatten i Sykkylven reduserer sosiale og økonomiske forskjellar, og er ein føresetnad for den gjennomførte aukinga i kvalitet og omfang av kommunale tenester i Sykkylven kommune.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Vidareføre ein moderat eigedomsskatt.
- At kommunen undersøkjer konsekvensane ved å innføre eigedomsskatt for næring for å kunne behalde eit moderat eller senka nivå på den private eigedomsskatten. Rettferdig fordeling er eit mål for Arbeidarpartiet.
Like moglegheiter for alle born
Å sikre alle born ein god oppvekst er blant samfunnets viktigaste oppgåver. Familien er den viktigaste ramma for born og unges levekår, og vår oppgåve er å leggje til rette for ein trygg familiesituasjon for alle born.
De aller fleste born og unge i Sykkylven har trygge levekår og gode utviklingsmoglegheiter. Arbeidarpartiet vil ha et kompetanseløft i førstelinja som arbeider med born. Tilsette på helsestasjonen, i barnehagen, i barnevernet, på skulen og i politiet skal ha kompetanse til å avdekke borns behov for hjelp.
Helsestasjonen møter alle familiar, og er difor ein viktig arena for å fange opp dei som treng ekstra rettleiing og hjelp. Tilbodet gjelder alle, er lite stigmatiserande og helsesøstrene oppnår ein fortrulegskap som mange foreldre set pris på. Ved å styrke bemanninga på helsestasjonen, vil fleire familiar få tettare oppfølging og rettleiing.
Å sikre eit godt barnevern er eit offentleg ansvar. Barnevernet tilbyr hjelp til familiar med små og store utfordringar. De aller fleste tiltak er hjelp i heimen, i samarbeid med familien, men det er òg kompliserte saker der omsorgsovertaking vert gjennomført. Arbeidsfeltet er komplisert og tidkrevjande, og med mange sårbare partar.
Barnevernet skal løyse eit bredt spekter av oppgåver, ofte i samarbeid med andre fagfelt. Dette krev god organisering, kompetente tilsette, nok tid og nærleik til borna og familiane.
Arbeidarpartiet er opptatt av å sikre alle born i Sykkylven et bredt og tilgjengeleg tilbudd av kultur- og fritidsaktivitetar, uavhengig av familiens bakgrunn og inntekt. Vi vil styrke gratis utlån av utstyr via utstyrssentralen.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Sikre et kompetanseløft for de som arbeider med born i førstelinja, for å styrke evna til å avdekke omsorgssvikt, vald, overgrep og utanforskap.
- Ha fleire tilsette på helsestasjonen for å gi alle en god oppfølging.
- Sikre gratis utlån av utstyr til fritidsaktivitetar.
- Legge betre til rette for deltaking på aktivitetstilbod i skuleferien
Helse og livskvalitet
Sykkylven skal det være lett å ta gode helseval i eigen kvardag. Samstundes skal helsehjelp være tilgjengeleg når du trenger den. Vi vil organisere helsetenesta på ein måte som gjer folk trygge på at den offentlege helsetenesta er den fremste, uavhengig av kven du er eller kvar du kjem frå.
Dess tidlegare vi legg til rette for gode helsevanar, dess tidlegare kan vi førebyggje dei store livsstilssjukdomane. Arbeidarpartiet ønsker auka satsing på helsekoordinator og frisklivssentral, og vil legge til rette for betre ernæringstilbod i fleire av tenestene våre. Vi ønskjer å legge til rette for auka fysisk aktivitet, og vil prøve ut tiltak som påskjønar fysisk aktivitet.
Det er et mål for Sykkylven Arbeidarparti at alle elever skal ha tilbod om eit enkelt skulemåltid og vi vil starte innføringa av dette i 2023-2027
Vi lev stadig lengre, og vi lev difor òg lengre med ulike sjukdomar. Det betyr at fleire i periodar vil ha behov for opphald på sjukehus, følgd av gode rehabiliteringsløp og oppfølging. Arbeidarpartiet ønsker å styrke arbeidet med rehabilitering, både på helsehus og i eigen heim, slik at fleire får god støtte og hjelp til å kome tilbake i ein situasjon der livet kan mestres.
Førekomsten av psykiske lidingar aukar, særleg blant unge. Arbeidarpartiet ønsker lett tilgjengelege lågterskeltilbod som er enkle å finne og å få hjelp frå. Difor vil vi samle fleire tenester på same stad. Vi vil auke kapasiteten innanfor dei psykiske helsetenestene og jobbe for eit tverrfagleg samarbeid mellom de ulike nivåa. Då kan vi førebyggje betre, hjelpe raskare og samstundes motvirke aukande sosial ulikskap i helse.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Styrke psykisk helseteam og styrke oppfølginga av pårørande og born av psykisk sjuke.
- At det etablerast nytt legesenter med betre fasilitetar.
- Styrke skulehelsetenesta.
- Vedlikehald og utvikling av treningsapparat i offentlege fellesområde.
- Innføre gratis skulemåltid på offentlege grunnskular.
- Utbetre og vedlikehalde tilfluktsrom i kommunale bygg.
- Gi gratis hjernehinnebetennelsesvaksine til VG1 elevar.
- Arbeide for betre kapasitet innanfor rehabilitering.
- Arbeide for betre universell utforming i sentrum.
- Arbeide for dei som er utanfor arbeidslivet har ein aktivitet å gå til.
Trygg Alderdom
Arbeidarpartiet vil arbeide for at dei som har bygd opp landet og har stått på i eit langt yrkesliv i heimen eller hjå arbeidsgjevar, får ein verdig alderdom. Dette vil vi nå gjennom å styrke innsatsen for å opprette fleire bustadar for eldre. Vi vil arbeide for å hjelpe eldre til å kunne bu heime lengst mogleg. Sykkylven Arbeidarparti er mot konkurranseutsetjing og privatisering av dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Eldre menneske har mykje kunnskap og ressursar som bygda må nytte meir. Vi ønsker å jobbe for å redusere einsemd og isolasjon, vil legge til rette for meir samfunnsdeltaking gjennom ulike kultur- og aktivitetstilbod for eldre, og gjere det enklare å melde seg som frivillig. For å ha ein aktiv alderdom, må òg framkjømda i bygda være god, heile året. Det handlar om alt frå kollektivløysingar til lys, vegdekke og fleire benkar. Vi vil legge til rette for at folk kan bu heime lengst mogeleg. Derfor held vi fram med vi utbygginga av heimebasert omsorg, og tek i bruk fleire teknologiske løysingar som gir tryggleik for den enkelte. Vi vil spesielt auke tilbodet av heimetenester til eldre med eit omfattande bistandsbehov. Nye bustadsformer skal byggast, slik at fleire kan bu i eigen heim sjølv om behovet for tryggleik eller hjelpemiddel aukar. Samstundes skal dei som trenger sjukeheimsplass kunne flytte inn i funksjonelle bygg som er bygd og innreia meir som ein heim. Nye omsorgsinstitusjonar skal ha fasilitetar som legg til rette for aktivitet og kontakt mellom ulike grupper og generasjonar. I åra som kjem vil talet på eldre over 67 år byrje å auke att. Samstundes vil vi få fleire i yngre alder som har behov for tilpassa tenester. Dette betyr at vi må utvikle av bygdas heimebaserte tenester. Rehabilitering, kvardagsmeistring og fleire ulike dagaktivitetstilbod er eksempel på tenester vi vil trenge meir av i framtida. Sykkylven Arbeidarparti vil at leiinga av heimetenesta skal være tillitsbasert, med tverrfaglege team med vedtaksmyndigheit. Mange eldre føler seg utrygge når det stadig kjem nye hjelparar heim til dei frå heimetenestene. Det er nødvendig å organisere tenestene slik at det vert meir stabilitet i turnus og medarbeidarar. Målet er at innbyggarane skal møte kjente fjes og at medarbeidarane skal ha tid til å gjennomføre sine ulike oppdrag.Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Fortsette styrkinga av heimebaserte tenester.
- At BUAS skal drives av kommunen.
- Styrke bemanninga på BUAS.
- At eldre på BUAS skal sikrast einerom med eige bad på rommet.
- Opne stengde rom på BUAS.
- At BUAS skal tilby god og næringsrik mat og sørge for gode måltidsstunder.
- At eldre på BUAS skal få tilbod om éin times aktivitet dagleg basert på deira ønsker og behov.
- Tilby ny teknologi som gir de eldre økt tryggleik og større innflytelse over egne liv.
- Utvikle bustader til personar med demens.
- Bygge fleire omsorgsbustadar (kollektiv) med døgnbemanning, fellesareal og aktivitetstilbod.
- At heimebuande med heimetenester får eit tilbod med aktivitetstid som til dømes «Sterk og Stødig»
- Auke dagtilbodet til heimebuande med demens.
- Innføre spisevenn på BUAS.
- Betre aktivitetstilbodet på BUAS.
- Ha førebyggande besøk frå heimetenesta til eldre over 80 år som ikkje mottek kommunale tenester.
- Legge til rette for fleire generasjonsmøter i Sykkylven.
- Forebygge einsemd og utanforskap blant eldre.
Rusomsorg
Arbeidarpartiet vil føre en kunnskapsbasert og fordomsfri ruspolitikk. Vårt mål er betre helse og livskvalitet for rusavhengige, gode helsetenester, tilgjengelege tenester og færrast mogleg overdosar og alvorlege skader. Arbeidarpartiet er opptatt av at mennesket med rusproblem møtes med likeverd og respekt. Ein skal ha tilbod om hjelp utan at det vert stilt krav om at ein er rusfri. Rusavhengigheit skal møtes med forsvarleg helsehjelp og sosiale tenester, ikkje bøter og straffeforfølging.
Alkohol er det vanlegaste og mest brukte rusmiddelet i Noreg, og utgjer det mest omfattande rusproblemet i Sykkylven. Difor er det òg det rusmiddelet som er mest skadeleg for folkehelsa. Ein svært stor del av born og unge med ruslidingar veks opp i heimar der det er eit stort og problematisk forbruk av alkohol.
Fattigdom, isolasjon, einsemd og mangel på tilhøyrsle kan både føre til, oppretthalde og vere ein konsekvens av rus og psykiske problem. Kompetansen i eldreomsorga knytta til avdekking og bistand til personar som er i ferd med å utvikle rusproblem må styrkast.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Utvide kapasiteten innanfor arbeid til personar i rusbehandling.
- Støtte opp under organisasjonar som gir rusavhengige arbeid.
- Styrke pårørandearbeidet, særskilt for born som pårørande.
- At personar må få eigna bustadtilbod og eit godt jobb- og aktivitetstilbod ved utskriving frå behandling.
- At kommunen skal ha et ambulerande team for rus- og psykiatri-lidingar i samarbeid med spesialisthelsetenesta.
- At kommunen skal forbetre sine skadereduserande tiltak og ha lett tilgjengelege sosial- og helsetenester for personar med rusproblem.
- Sikre at undervisningsopplegget i skulen er oppdatert i tråd med ny kunnskap og dekker heile rusfeltet.
- Betre tenestetilbodet for personar med alkoholavhengigheit.
- Gjere informasjon om hjelpetilbod meir tilgjengeleg.
Ei trygg bygd
Oppleving av tryggleik i kommunen er ein føresetnad for at menneske kan leve frie liv. Gjennom sterke fellesskap skal vi bygge trygge lokalsamfunn som inkluderer og integrerer. Arbeidarpartiet vil at Frivilligheitssentralen får i oppdrag til å utvikle og gjennomføre konkrete prosjekter for å bidra til fellesskapet og inkludering av innvandrar, tilflyttar og flyktningar inn i samfunnet.
Vold og kriminalitet kan førebyggjast. Når samfunnet sviktar søker dei som fell utanfor heller andre fellesskap, til dømes i kriminelle miljø, rusmiljø eller radikale miljø. Tidleg innsats i skulen og eit sterkare lag rundt borna er det viktigaste vi kan gjere for å førebyggje utanforskap, vald og kriminalitet.
Sykkylven Arbeidarparti vil ha ein trygg kommune bygd på sterke fellesskap. Vi vil jamne ut levekårsforskjellar, førebyggje fattigdom og gi alle moglegheit til å leve dei liva dei sjølve ønsker.
Gode, lokale møteplassar er viktig for å lykkes med dette og skape trivsel og samhold i eit nabolag.
Sykkylven kommune har ansvaret for viktig infrastruktur, til dømes drikkevatn. Det er difor viktig at Sykkylven kommune har oppdaterte og operative planverk for kritiske hendingar. Sykkylven Arbeidarparti vil styrke arbeidet med å førebyggje alvorlege hendingar. Auka digitalisering stiller auka krav til tryggleik, kommunens innbyggjarar skal vere trygge på at digitale verktøy er operative og sikre. Sykkylven Arbeidarparti vil styrke arbeidet med å sikre kommunens IKT-miljø.
Hetsing
Hets mot personar på grunn av seksuell orientering, kjønn, kjønnsuttrykk, etnisitet eller religion må takast på største alvor. Sykkylven skal være ei bygd for alle, uavhengig av opphav, religion, bakgrunn eller kven ein forelskar seg i. Det er ingen plass til rasisme, nynazisme eller hat i vår kommune. Mangfald er Sykkylvens identitet og styrke.
Sykkylven Arbeidarparti vil:
- Auke det haldningsskapande arbeidet mot hat, ekstremisme, rasistiske og nazistiske haldningar, i samarbeid med skulen, idretten, kulturlivet og andre relevante aktørar.
- Styrke fokuset på kjeldekritikk og auke medvitet om fakta og falske nyhende i skulen.