Ja til å re-etablere legekontoret på Uri-bygget

Ordførarkandidat Hans Petter Brunstad Sørensen

Sykkylven Arbeidarparti understrekar kor viktig det er å re-etablere legekontoret til nye lokaler. Leigeavtalen for legekontoret i på gamle Klokksfabrikken går ut om ikkje alt for lenge og vi har no ein gylden moglegheit til å få eit strategisk plassert legekontor i sentrum.

Som de alle veit, er det noverande legekontoret i Sykkylven fysisk dårleg tilpassa til å tene som eit legekontor. Det er trongt og utilstrekkeleg til å tilby moderne og effektive helsetenester. Det er heller ikkje verdig at ambulansetransport skjer rett utanfor hovudinngangen. Der ein må bruke paraply for å skjerme pasientane mot ver og vind. Det er på tide at vi tar grep for å forbedre situasjonen.

Arbeiderpartiet meine at første etasje i Uri-bygget er eit svært godt tilpassa lokale for eit legekontoret, eit bygg som også allereie er i kommunalt eige. Dette bygget er sentralt lokalisert, har god tilgjengelegheit, gode parkeringstilhøve, nærheit til apotek og buss. I Uri-bygget er det også mogleg med «drive in» for ambulanser og med god beskyttelse mot ver og vind for ambulansepasientar. Etter ei ombygging vil det difor vere mogleg å flytte direkte inn i det nye legekontoret utan at det vil gå utover drifta ved det gamle legekontoret på Klokksfabrikken. I tillegg kan eit nytt og moderne legekontor vere ein fordel når ein skal rekruttere nye og fleire fastlegar til kommunen, noko som er svært viktig for å sikre gode helsetenester til alle innbyggjarane i Sykkylven.

Arbeiderpartiet ynskjer å ta ansvar for å sikre at alle i Sykkylven har tilgjenge til gode helsetenester. Eit nytt legekontor i Uri-bygget vil kunne bidra til å gjere helsetenestene våre meir tilgjengelege og betre, noko som er viktig for oss alle. Vi vil derfor arbeide for å realisera dette prosjektet så snart som mogleg.

Ordførarkandidat Hans Petter Brunstad Sørensen

Ordførarkandidat Hans Petter Brunstad Sørensen Er tydeleg på at Sykkylven treng ei revitalisering av legesenteret. Nye flotte lokaler kan få god plass i Uri-bygget som kommunen alt eig store delar av.