Lesarinnlegg - Aktivitetshuset Tandstad Skule
Otto Magne Strømmegjerde - På trykk i Sykkylvsbladet 23.08.19

I 2018 vart skulen i Straumgjerde ( Tandstad skule) lagt ned. Denne skulen var ikkje berre ein grendaskule for skuleelevane i Tandstad krins. Skulebygget var også det sentrale samlingspunktet for alle innbyggjarane i krinsen. Her hadde lag og organisasjonar i krinsen dei store arrangementa sine ( til dømes basarar og ulike lagsfestar og jubileum). Her var det daglege treningar for store og små, og her hadde Juniorkorpset musikkøvingane og konsertane sine. Det var også på Tandstad skule at alle i krinsen kunne samle seg om 17.mai-feiring og til julefest.
Etter at skulen vart lagt ned, var innbyggjarane i krinsen sjølvsagt skuffa over å misse skulen sin, og dei var også uroa over å misse det samlingspunktet som skuleanlegget hadde vore.
At skulen er nedlagt, er det for tida lite å gjere med. Men i det året som har gått etter nedlegginga, har lag og organisasjonar og mange enkeltpersonar gjort eit krafttak for å halde oppe dei aktivitetane som har gått føre seg på skulen ettermiddagar, kveldar og i nokre helgar. I starten var fokuset å få i gong aktivitetar for born, der JUBA var ein sentral aktør med ei heil aktivitetskveld kvar veke, og dessutan nokre store heildagsarrangement som juleverkstad og påskeverkstad. Etter kvart har fysiske aktivitetar/treningar i gymsalen kome i gong , med god deltaking frå heile bygda. Lag og organisasjonar i krinsen brukar også skulebygget til tilstellingar, medlemsmøte, styremøte og lager for utstyr som dei brukar.
Sykkylven arbeidarparti ser kor viktig skulebygget er for innbyggjarane i krinsen. Sykkylven arbeidarparti vil difor i kommunestyret gå inn for at Aktivitetshuset Tandstad skule får status som Grendahus, og at aktivitetshuset får kommunal støtte på same nivå som Velledalen Grendahus og Hundeidvik Grendahus har i dag.
For Sykkylven arbeidarparti Otto-Magne Strømmegjerde.