Fremjar Erik Kursetgjerde til tinget
PRESSEMELDING:
Etter at Holen Bjørdal har trekt seg frå seg frå nominasjonsprosessen i Møre og Romsdal, ønskjer Sykkylven Arbeidarparti å fremje Erik Kursetgjerde som ny kandidat til Stortingsvalet.
Hans Petter Brunstad Sørensen, som i dag er gruppeleiar i Sykkylven er klar på at Kursetgjerde vil vere ein god representant for heile fylket:”Vi tykkjer at Erik Kursetgjerde er ein solid representant for partiet vårt. Han har vore aktiv i fagbevegelsen, og har fått brei arbeidserfaring i både tradisjonelle yrker og som leiar i si eiga verksemd. Som folkevald har han vore tydeleg stemme innan næringslivspolitikken. Med eit engasjement som har vore merkbart for både by og distrikt”
Sjølv er Kursetgjerde audmjuk og takknemleg for støtta.”Dette er ei tillitserklæring som eg ikkje tek for gitt. Verdigrunnlaget til partiet er noko som betyr mykje for meg. Ikkje minst har den siste tida fått vist oss kor viktig det er med ein politikk som tek hensyn til både familiar og arbeidsplassar. Vi kjenner alle nokon som er uroa, og eg meiner at vi har ein viktig jobb framfor oss. Det er noko som eg er sterkt motivert for å bidra til.””Difor har eg no gitt beskjed at eg stillar meg til disposisjon for partiet”, seier Kursetgjerde.
Berit Tønnesen er spelt inn som 2. kandidat og har bakgrunnen sin frå fagbevegelsen og industrien. Ålesund sin kandidat er spelt inn som 3. kandidat.
Sykkylven Arbeidarparti vil peike på at framtida peikast ut i program- og nominasjonsprosessen. Difor må vi satse på unge namn og ser det òg som naturlig at Jakob Vorren og Åse Kristin Ask er blant våre fem første kandidatar.
Sykkylven Arbeidarparti fremjar følgjande kandidatar: 1. Erik Kursetgjerde 2. Berit Tønnesen 3. Kandidat Ålesund AP 4. Jakob Worren 5. Åse Kristin Ask